Yoga heime hjå deg
Ein privat yogatime i stova di, på Voss og omegn. Eg kjem til deg, og me lagar timen etter kva du treng akkurat i dag.
Send melding på InstagramBerre du og eg
Ikkje alle treng eit fullt studio. Av og til treng ein ro, rom og nokon som er heilt til stades. Du treng ikkje prestere noko, og du treng ikkje kunne noko. Du kan vere stiv, trøytt, nervøs eller full av tankar. Du er velkomen slik du er.
Kva ein time kan innehalde
For 60 minutt. Eg tek berre nokre få private timar i månaden, så ta kontakt i god tid. Skriv kvar du bur, så seier eg om eg kan kome. Passar òg fint som gåve til nokon som treng ein pause.
Spør om ein timeEg heiter Helle
Eg har gjort yoga i 23 år og undervist i 11. Eg er òg pedagog og musikar. Eg trur me er til for kvarandre, og at alle høyrer til akkurat slik dei er. Yogaen er ein av måtane eg prøver å vere der for folk på.
Eg driv også The Much Muchier Club, ein stad for deg som er for mykje, ikkje nok, eller berre litt for rar.